**Lom kommune søker ein engasjert og framtidsretta økonomisjef som vil spele ei sentral rolle i vidareutviklinga av ein veldriven kommune med store ambisjonar og sterke røter - midt i spektakulær natur.**
**Her får du ikkje berre ein jobb - du får ei nøkkelstilling der du får påverke både økonomien og utviklinga av heile lokalsamfunnet.**
**Ei stilling med utsikt - både fagleg og geografisk**:
Som økonomisjef i Lom blir du ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Du får overordna ansvar for økonomistyring, budsjett, rekneskap og økonomiske analysar - og du blir ein viktig rådgjevar for både administrasjon og politisk leiing.
Dette er jobben for deg som trivst med både strategisk arbeid og operativ oppfølging - og som likar å formidle økonomiske vurderingar til både økonomar og ikkje-økonomar.
**Kven er du?**:
Vi ser etter deg med høgare utdanning innan økonomi, rekneskap eller liknande fagområde. Du har erfaring frå økonomistyring, gjerne frå offentleg sektor, og ...