(i ny fane)
**Om stillinga**:
- Gloppen folkebibliotek er plassert i hjarte av kultursenteret i kommunen - Kulturhuset Trivselhagen. Vi søkjer etter bibliotekar i 100 % stilling, med oppstart så snart som muleg.
Gloppen folkebibliotek er ein pulserande arbeidsplass med si samlokalisering i lag med Firda vgs, Kulturhuset Trivselshagen og Gloppen kulturskule. I tillegg til biblioteket er her kultursal/konsertscene, kino, kafé, dansesalar, dramasal og møterom. Utanom biblioteket sine ordinære opningstider med betjening, har vi meirope bibliotek frå kl 07 - 23 kvar dag. Dette gjer biblioteket svært tilgjengeleg for innbyggjarane i kommunen. Biblioteket vårt er moderne og nyoppussa, med ein god atmosfære. Ein populær stad der det er godt å vere!
Som bibliotekar vil du inngå i eit arbeidsteam på 3 personar som jobbar godt på tvers. Alle deltek i den daglege drifta med skrankevakt og turnus med ei ettermiddagvakt i veka til kl 18. Vi er skulebibliotek for Firda vgs, med mange elev...