Norconsult er ei etablert og solid verksemd i Hardanger, med høgkompetente medarbeidarar og ei sterk lokal tilknyting. Etter fleire år med vekst og utvikling, skal vi no erstatte vår avdelingsleiar i Odda. Vi søkjer ein engasjert og samlande leiar som vil ta stafettpinnen vidare og bidra til å styrke vår posisjon i Eidfjord, Odda og Rosendal.
Avdelinga vår har vakse jamt dei siste åra, og vi har ei sentral rolle i prosjekt innan bygg, plan, VA, elektro, konstruksjon, geoteknikk og prosjektleiing - både for offentlege og private kundar. Vi jobbar tett med lokalsamfunnet og samarbeider aktivt med andre kontor og fagmiljø i Norconsult, både regionalt og nasjonalt.
Som avdelingsleiar vil du:
- Ha ansvar for fagleg og operativ leiing av avdelinga i Hardanger- Vere synleg og til stades i marknaden, og byggje sterke relasjonar med kundar og samarbeidspartnarar- Bidra til rekruttering og utvikling av eit sterkt og høgkompetent lokalt fagmiljø- Koordinere og samarbeide på tvers av fago...