Om stillingen
Vil du vere med å starte opp skulen sin STOLT avdeling ?
Vi søker ein avdelingsleiar som vil ha ansvar for å starte opp og drive ei ny forsterka avdeling (STOLT avdeling) på Garnes ungdomsskule. Ei STOLT avdeling er eit særskilt tilpasset opplæringstilbod for elevar med store tilretteleggingsbehov fagleg og sosialt. Tilbodet er for elevar med utviklingsforstyrrelser, utviklingshemming eller andre omfattande og vedvarende lærevanskar. Avdelinga på Garnes ungdomsskule skal ta imot elevar frå 1. trinn - 10.trinn frå Bergen kommune. Avdelinga vil ha 20 elevplassar og ca 15 tilsette. Nye Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes og skal stå klar til å ta imot elevar frå januar 2026. Skulen ligg ca 10 min med buss frå Arna stasjon. Skulen har nynorsk som sitt hovudmål.
Stillinga er 100 % fast og ledig frå 1. oktober 2025. Vi søkjer ein sjølvstendig leiar som er prosessorientert, strukturert og målretta. Ein leiar som har gode evner til å kommunisere med foresatte, ti...