🍁 SearchCanadaJobs.com

Assistent Til Faste Helgestillingar Lokal Sikkerheit Rehabilitering

Company

Haukeland Universitetssjukehus

Location

bergen, bergen

Type

Full-time

Om stillinga
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer ei ny, lukka sengepost med åtte plassar i Sandviken-området. Dette er første steg i utviklinga av Nye Sandviken - eit langsiktig arbeid for å styrkje behandlingstilbodet til pasientar med alvorlege psykiske lidingar og samansette behov.
Sengeposten vil ha ansvar for pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp som treng stabilisering, struktur og rehabilitering i eit trygt og spesialisert miljø. Vi søker no engasjerte medarbeidarar til faste helgestillingar som ønsker å bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod.
Turnus vil i hovudsak vere organisert med seinvakt fredagar og langvaktar laurdag og sundag. Helgerotasjon kvar fjerde helg, men med noko høgare helgebelastning sommar. Det er ønskeleg med tiltreding i starten av juni 2026.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

🍁 Ready to Apply?

Take the next step in your Canadian career

Apply Now