**Ønskjer du sommarjobb i ei spanande avdeling? Radiologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har ledig sommarvikariat som assistent ved ultralyd.**
- 100% vikariat frå - . Datoane kan vere fleksible og vikariatet kan eventuelt delast.
Vikariatet høver godt for deg som er under utdanning innan helse. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak å koordrinere planlagde polikliniske
- og inneliggande pasientar, samt å legge til rette for radiolog ved å førebu pasientar til undersøking. Du vil også assistere radiolog ved m.a. biopsiar og intervensjonar.
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa a...