(i ny fane)
- Om stillinga
- Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserar den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil -, båt
- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser._
**Vi har ledige stillingar, og søker Operatører i Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral - AMK Møre og Romsdal**
1 x 100% fast stilling med oppstart frå snarast
1 x 70% fast stilling med oppstart frå snarast
2 x 50% engasjement frå snarast - , med moglegheit for forlenging
Ynskjer du å vere ein del av teamet som er med på å sikre befolkninga rett helsehjelp til rett tid, når sekund og minutta tel? Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral AMK er nødtelefon - 113, for befolkninga i Møre og Romsdal; det viktigaste kontaktpunktet for rask og riktig akuttmedisinsk hjelp.
AMK er eit viktig bindeledd mellom primær
- og spesialisthelsetjenesta i Møre og Romsdal, og medvirkar i dei fleste akutte pasientforløp. Alle nivå i helsetene...