🍁 SearchCanadaJobs.com

1.dekksoffiser I Sjøvakt 1:2 Skjersholmane - Ranavik

Company

Fjord1

Location

stord, stord

Type

Full-time

Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**VIl du jobbe 1 uke og ha 2 uker fri?**
Fjord1 har no ei ledig stilling som 1.dekksoffiser/ 1.styrmann i sambandet Skjersholmane - Ranavik, p.t. MF Florøy.
Som ein av dei leiande aktørane innan miljøvenleg sjøtransport, satsar Fjord1 tungt på framtidsretta teknologi. MF Florøy er eit godt døme på denne satsinga - ei stillegåande og energieffektiv el‑ferje som representerer framtida på fjorden.
Som 1.dekksoffiser får du ei sentral rolle om bord, med fokus på tryggleik, berekraft og kontinuerleg utvikling. Denne stillinga er første steg på vegen mot å bli skipsførar, og i Fjord1 får du både erfaring, kunnskap og støtte til å utvikle deg i retning av høgare sertifikat, auka ansvar og leiande stillingar om bord. Du vil jobbe tett saman med erfarne kollegaer og få innsikt i heile drifta - noko som gir eit godt grunnlag for framtidig karriereløft.
**Ein bur om bord når ein er på vakt, og får dekka reiekostnader til og frå arbeid.**

🍁 Ready to Apply?

Take the next step in your Canadian career

Apply Now